På sett og vis er all litteratur filosofisk litteratur, på den måten at (så godt som) all litteratur ynskjer å få lesaren til å tenkja over ein gjeven problemstilling, med eller utan baktanke.

Likevel er den filosofiske litteraturen, den som er skriven av forfattarar som på folkemunne vert omtalte som filosofar, ein eigen og avgrensa litterær sjanger. Ein sjanger, vel å merka, som ofte glir inn under andre.

Nett det er det som gjer den filosofiske litteraturen spesiell; han kan omhandla all slags tematikk, og han kan variera enormt i innhald, men han vil alltid ha som mål å stilla spørsmål ved det han fortel om.

Store namn som Sartre, Camus og Voltaire kan fort høyrast uoverkommelege ut, men her trur eg berre det handlar om å kasta vekk alle sjølvpålagde krav og føresetnadar, og djupdykka ned i forteljingane som ein ville gjort med kva som helst andre bøker – dykka ned i litteraturen.


Jean-Paul Sartre: Kvalmen (1938)

I 1938 kom Jean-Paul Sartres fyrste roman ut: Kvalmen. Boka er skriven med fyrstepersonforteljar og framstiller den sjølvbiografiske historia om livet til Antoine Roquentin, ein einsam, søkjande og livslystfråteken mann busett i den vetle franske landsbyen Bouville. Detta er ein modernistisk roman og eit prakteksempel på eksistensialistisk dikting. Sartre stiller spørsmål ved heile den menneskelege eksistensen; ved dei små detaljane og dei store spørsmåla. Lesaren vert utfordra på sjølvfølgelegheita det moderne mennesket ofte baserer verdsbiletet sitt på – i Kvalmen er det ingenting som ikkje vert nytta som eit middel mot oppnåinga av eit meir genuint verdssyn. Men her er ikkje den eksistensialistiske kjensla utelukkande trist, ho banar veg for detaljoppmerksemda til Antoine; kanskje karakterens aller mest merkverdige og beundringsverdige eigenskap.

Finn Kvalmen i Bibliofil


Albert Camus: Den fremmede (1942)

Camus ga i 1942 ut sin fyrste roman, Den fremmede. Anerkjent som ein av førre hundreårs mest bemerkelsesverdige romanar, følgjer lesaren her den nokså sinnsforstyrra einsame og avvisande Meursault gjennom ein tilsynelatande innhaldslaus kvardag. Det som her er spanande, er distansen hovudkarakteren i romanen kontinuerleg held til alt som hender rundt han – sjølv sine eigne kriminelle handlingar. Mersault er ein framand i verda, han kjenner seg framand blant menneska rundt seg, i byen, i landet, i heile tilværet. Slik stiller Camus oss ein handfull essensielle spørsmål om moral, etikk og eksistens; ved at Mersault er eit urelaterbart menneske me i utgangspunktet ikkje på noko vis ynskjer å kjenna oss igjen i, men som likevel reflekterer dei fleste av oss på måtar som eg trur alltid og hjå alle vekker eit ibuande behov for sjølvgransking.

Finn Den fremmede i Bibliofil


Voltaire: Candide (1759)

Romanen Candide av Voltaire kom ut to hundreår før dei to ovanfor, men har mange likskapar med båe dei andre nemnde verka. Òg her er det filosofiske spørsmål og problemstillingar som vert drøfta gjennom hendingar og gjennom karakterar med ulike verdssyn. Boka er kort, lettlese og underholdande med tanke på åra ho har kava seg gjennom. Alle sidene i boka vert verdt tolmodet når den endelege konklusjonen kjem, som, utan å røpa for mykje, kan vera til god hjelp og refleksjon i ei uroleg og utolmodig verd som den me lever i i dag. Det å tenkja – fortel Voltaire oss – er vel og bra og viktig, så sant me ikkje lar tankane gå til hovudet på oss.

Finn Candide i Bibliofil