I magasinet på biblioteket har vi mange skattar folk kanskje har gløymt finst. Her hamner bøkene som ikkje har like mange utlån lengre, eller bøker vi har mange eksemplar av. Bøker vi vil verne om og gamle klassikarar. I dag vil eg tipse om ei bok som er ei av mine favorittar, Huset i mørkret av Tarjei Vesaas.

Nyare omslag av boka frå 2007 – bilete er lånt frå Gyldendal

Dette er ei bok eg blei introdusert for under litteraturstudiane mine. Som mange av bøkene vi las er dette ein gammal travar som ein ung student har eit litt skeptisk auge til. Men som mange av bøkene vi las på studiet ende eg opp med ein positiv leseoppleving. Og slik er det kanskje også ofte for vanlege lesarar også. Det er dei nye, glinsande bøkene i «Nyheiter»-hylla som tiltrekker oss. Men kva med dei gøymde bøkene som ein ikkje legg merke til? Endå til dei som er plassert nede i magasinet? Dette er dei skjulte skattane eg vil syne fram her på litteraturbloggen.

Huset i mørkret blei utgitt i 1945 og kan lesast som ein allegori til andre verdskrig. Sjølve handlinga i boka går føre seg i eit hus som er okkupert av nokre menn med piler på uniformene sine. Sjølve huset omtalast som om det nesten er levande og huset er ikkje eit normalt kvitt trehus for ein småbarnsfamilie, men det rommar eit heilt samfunn. Eit mørke brer seg over huset og inn kjem mennene i pil-uniformer og lager nye reglar og overtar styringa av samfunnet, mens dei som bur i huset er redde og usikre.

Det kom medan huset sov, la seg over, og reiser ikkje att. Det sprang opp som ei boblande kjelde –  så at rutene vart blinde og munnane stumme, og frå mørkret kom det fram folk som hadde makta. Dei lyste opp inne i gangane med nokre vakre skinande piler dei hadde. Så tok dei og laga seg sitt eige hus i huset, og straks byrja den ljodlause stormen å slite.

Huset i mørkret 1970 – s. 5.
Omslag frå 1970 – bilete er lånt frå Bibliofil

Har ein hendingane frå andre verdskrig i bakhovudet når ein les denne vesle romanen kan man trekke mange likskapsteikn mellom boka og krigen. Det er utroleg spennande å lese boka på denne måten då alt får større meining og alternative bodskap. Dette er verkeleg ein av Vesaas perler og slik som alt Vesaas skriv, ikkje for den som er sky for brei nynorsk. Men om ein er klar for Vesaas skrivestil er det en flott leseoppleving ein kan ha gode refleksjonar og samtaler om, og ein skatt frå magasinet.

Du kan reservere boka i Bibliofil her.