Det hender ofte at lånarar spørjer meg om tips til gode bøker på nynorsk. Enten dei er elevar i skulen som vil øve før eksamen eller det er lånarar som vil lese meir på nynorsk, men som slit med å finne dei gode bøkene. Det er to forfattere eg ofte tilrår og ein nyoppdaga favoritt eg vil tipse om.


Bli hvis du kan-trilogien – Helga Flatland

Nynorsk light. Om eg møter lånarar som eigentleg hatar nynorsk, men vil lese berre for å øve, eller ikkje er så vande til nynorsk, tilrår eg ofte denne trilogien. Ikkje berre fordi den er så god, men fordi berre om lag halvparten er skriven på nynorsk. Forfattaren veksler mellom nynorsk og bokmål i bøkene, og slik kan du lese nynorsk samstundes som det ikkje er for mykje på ein gong. Å veksle mellom målform er også eit litterært grep for å skille dei forskjellege karakterane i boka frå kvarandre.

Boka handlar om at Tarjei, Trygve og Kristian vervar seg til militæret og reiser til Afghanistan. Men ingen av dei kjem tilbake. Trilogien handlar om korleis lokalsamfunnet sørgjer over dei tre gutane og korleis livet var før og etter dei døydde. Den fyrste boka gjev stemme til to av gutane som reiste, Tryve og Tarjei, og to av dei som er etterlatt igjen heime.

Det er ei sterk forteljing som syner korleis ulike personar blir påverka av hendinga.

Reserver den fyrste boka i serien her.

Eg elska ho – Anna Gavalda

Ein anna forfattar eg ofte tilrår er Anna Gavalda. Ho er fransk og bøkene hennar blir omsette til nynorsk. Det synest eg er eit godt val. Fransk er eit vakkert og poetisk språk og like eins er nynorsk. Det same ser vi med Elena Ferrante sine bøker som er omsette frå italiensk til nynorsk.

Boka handlar om ei kvinne og hennar svigerfar. Ho er ulukkeleg etter at mannen hennar forlot ho og svigerfaren vel å ta hand om ho. Dei reiser ut på landet saman og svigerfar byrjer å fortelje om seg sjølv. Det er fyrste gang han fortel sin eigen historie om seg sjølv, livet sitt og ho han ikkje kunne få.

Romanen er prega av mykje dialog kor kvinna Chloé og svigerfar krangler mykje då det kjem fram at han meiner det var bra at mannen forlot ho. Svigerfar har nemleg vore der sjølv ei gong, forelska i ei anna kvinne medan han sjølve var gift.

Reserver boka her.

Kvar dag skal vi vere så modige – Brynjulf Jung Tjønn

Denne boka, og forfattar, er ein nyoppdaga favoritt. Jung Tjønn skriv vakkert og lett om tunge tema. Han skriv ofte litt korte setninger og vage skildringar. Setningane er likevel svært kraftfulle til tider og kan avslutte med å gi deg eit lite støkk eller ein vond kjensle. I byrjinga er det ikkje så lett å forstå kva boka eigentleg handlar om. Eg sat med ei kjensle om at noko fælt skulle skje, og det gjorde det også, men noko heilt anna enn eg hadde tenkt.

Kvar dag skal vi vere så modige handlar om ein liten gut som heiter Isak. Han bur aleine med mor si, men mor sover ofte heile dagen og kan vere både sint og lei seg. Isak må ofte klare seg sjølv. Nokre gonger går han ut av huset så mor kan få fred og då går han bort til naboen. Isak og nabomannen får eit spesielt vennskap og snart kjem det ei kvinne på gården, kjærasten. Isak blir nå invitert på middag og bading saman med dei, og kjenner seg mindre aleine. Det visar seg likevel at det er noko usagt i lufta.

Reserver boka her.